Forfølging av kristne – i misjonsteologisk perspektiv Avskjedsforelesning

Hoved-artikelindhold

Arne Redse

Resumé




Jesus førebudde etterfølgjarane sine på forfølging og trengsler på grunn av trua på han. Det dreier seg om å få del i Kristi lidingar. Forfølging på grunn av trua på Jesus er eit av kyrkja sine kjenneteikn. Martyrblodet vert gjerne omtala som kyrkja sitt såkorn. No er det vel heller Guds Ord som er såkornet. Martyrblodet er på si side vatn og næring til åkerjorda. Der Guds ord manglar eller vert uklart kommunisert, kanskje ikkje eingong omsett til det lokale språket, der hjelper det lite om det finst aldri så mange martyrar. Artikkelen presenterer tre tydelege eksempel frå misjonshistoria.
Elles vert skremmande tal om forfølging, som Open Doors publiserer kvart år i januar, trekte tram. Misjonsblada, dei kristne dagsavisene og andre kristne media formidlar også stoff om forfølging. Men sjekkar vi lærebøkene i misjonsteologi, er saka nærast fråverande. Dette bør det gjerast noko med.




Artikel-detaljer

Citation/Eksport
Redse, Arne. 2020. “Forfølging Av Kristne – I Misjonsteologisk Perspektiv”. EMissio 5 (juni), 98-110. http://emissio.net/index.php/emissio/article/view/107.
Sektion
Teologi